KULTURHISTORISK VEGBOK FOR PILEGRIMSVEGEN TIL RØLDAL
For deg som vil gå pilegrimsvegen frå Vest-Telemark til Røldal, vil den kulturhistoriske vegboka ”Fann eg dei stigar….” vere ein god og nyttig fylgjesvenn. Boka er på i alt 264 sider og innhaldet er meint å skulle gje vandrarane ein trygg og innhaldsrik tur.
Boka tek for seg etappe for etappe. Ho fortel om naturtilhøve og kulturhistorie langs den 164 km lange vegen. I tillegg til ei mengd kulturhistorisk stoff er det og dikt, segn og soge. I alt 56 detaljerte kart og vegforklaringar gjer det enkelt å finne fram i terrenget. I tillegg er det praktisk informasjon som til dømes overnattingsstader, bussamband, butikkar, avstandstabellar osv. Siste delen av boka er ei samling vandringsmeditasjonar for dei som ynskjer den dimensjonen ved turen. Boka er rikt illustrert.
For dei som bare er interesserte i karta og vegforklaringane, har desse blitt samla i ei mindre bok, ”Kartbok for pilegrimsvegen mellom Vest-Telemark og Røldal”.
Begge bøkene kan tingast frå Vest-Telemark Museum.