Vest-Telemark Museum. Til forsida



Startsida
Tilbod for born
Skuleprosjekt
Opplevings- tilbod
Tilbod for grupper
Ein levande smakebit
Prosjekter
Pilegrimen
Boksal
Relevante linkar
Musea
 

Ta deg ein digital rundtur i Eidsborg

Biletgalleri:


Ei kulturhistorisk pilegrimsvandring frå Vest-Telemark til Røldal
Frå mellomalderen og fram til 1800-talet gjekk det føre seg ein årleg valfart frå Telemark til Røldal. Målet var krusifikset i Røldal stavkyrkje. Legenda fortalde at kvar jonsok sveitta krusifikset i kyrkja, og sveitten var undergjerande. Folk strøymde til frå inn og utland for å bli lækja. Røldal vart på denne tida det nest største pilegrimsmålet i landet.

Vår tids vandring vil gå i telemarkingane sine fotspor langs dei gamle ålmennavegane mellom Vest-Telemark og Røldal. Vandringa vil gå i variert natur, gjennom bygder og over høgfjell. Dei lokale sogelaga sine representantar vil vere kjentmenn og førarar på turen. Dei vil ikkje bare leie deltakarane gjennom det fysiske landskapet, men og gjennom kulturen og historia langs vegen. Det vil bli spesielle markeringar ved dei kyrkjene pilegrimane passerer på vegen vestover. Det vil bli halde ein dagleg tekstmeditasjon som det er opp til kvar einskild om ein vil delta i, eller ikkje.

Turen passar for alle som har interesse av natur og historie. Om ein vil gå alle dei ni dagsetappane eller bare eit lite stykke, er opp til kvar einskild. Turen startar den 26. juni frå kyrkjene i Seljord og Kviteseid og vil bli avslutta i Røldal den 4. juli. Dagsetappane vil vere frå 10 til 25 km lange, og terrenget vil variere frå dag til dag. Vandrarane ber bare med seg ein liten dagstursekk, resten av bagasjen vil bli transportert med bil fram til neste overnattingsstad. Pilegrimsvandringa er gratis, men deltakarane må betale for mat og overnatting. Museet tingar overnatting for dei påmeldte.

Nederlandse tekst

Linkar



Oppslagskart


Pilegrimsstemnet i Røldal
Pilegrimsstemnet i Røldal er knytt til jonsok. I følgje forteljartradisjonen sveitta krusifikset i kyrkja denne natta, og sveitten gav lækjande verknad.
6.juli er ”gammaljonsok”, dvs. jonsok rekna etter den julianske kalender. Vår noverande kalender-den gregorianske- vart innført i Noreg i år 1700. Då vart 18.februar fylgd av 1.mars.
I førekant av stemnet vil det også i år vera organiserte pilegrimsvandringar til Røldal. Den lengste, frå Seljord, Kviteseid og Dalen, byrjar den 26. juni. Stemnet startar den dagen vandringa er framme i Røldal, den 4. juli.

Program for pilegrimsstemnet 2008


Ver merksam på at programmet kan bli endra utover våren


Krosslia

Pilegrimsvandring 2008. Ei vandring over fleire dagar i skiftande terreng.
Det er 3 alternative startpunkt for vandringa: Seljord, Kviteseid og Dalen. For dei to fyrste er startdatoen den 26. juni . Dei som startar frå Dalen møter opp den 28. juni.

Nederlandse tekst
Les meir

KUNNSKAP GJEV EIN RIKARE TUR!
KULTURHISTORISK VEGBOK FOR PILEGRIMSVEGEN TIL RØLDAL


For deg som vil gå pilegrimsvegen frå Vest-Telemark til Røldal, vil den kulturhistoriske vegboka ”Fann eg dei stigar….” vere ein god og nyttig fylgjesvenn. Boka er på i alt 264 sider og innhaldet er meint å skulle gje vandrarane ein trygg og innhaldsrik tur.
Boka tek for seg etappe for etappe. Ho fortel om naturtilhøve og kulturhistorie langs den 164 km lange vegen. I tillegg til ei mengd kulturhistorisk stoff er det og dikt, segn og soge. I alt 56 detaljerte kart og vegforklaringar gjer det enkelt å finne fram i terrenget. I tillegg er det praktisk informasjon som til dømes overnattingsstader, bussamband, butikkar, avstandstabellar osv. Siste delen av boka er ei samling vandringsmeditasjonar for dei som ynskjer den dimensjonen ved turen. Boka er rikt illustrert.

For dei som bare er interesserte i karta og vegforklaringane, har desse blitt samla i ei mindre bok, ”Kartbok for pilegrimsvegen mellom Vest-Telemark og Røldal”.

Begge bøkene kan tingast frå Vest-Telemark Museum.


Les meir

Foto: Ragnvald Christenson
Prosjektet ”Pilegrimen” arrangerer sundag den 20.juli ein fellestur langs den gamle ålmannvegen over Haukelifjell.
Les meir

Les meir

Les meir

luft